I god tid: Hjelp
Står du fast, eller er det noko som ikkje verkar? Send meg ein e-post på support@dynni.no. Eg heiter Pål Omland Eilevstjønn og har laga appen sjølv, så det er eg som svarar.
Eg ser ikkje kalendrane mine
I god tid treng lov til å lese kalendrane dine. Opne Innstillinger på iPhonen, gå til Personvern og sikkerhet, så Kalendere, og gi I god tid full tilgang.
Eg får ikkje reisetid
Avtalen må ha ein stad. For å rekne frå der du er, må appen også få bruke posisjonen din: Innstillinger, Personvern og sikkerhet, Stedstjenester. Kollektivtidene kjem frå Entur og gjeld i Noreg.
Eg har kjøpt Pluss, men det er ikkje opna
Opne Pluss i appen og trykk på «Gjenopprett kjøp». Då spør appen App Store om kva du allereie eig.
Eg vil ha pengane tilbake
Apple tek seg av alle kjøp, så refusjon ber du om hos Apple på reportaproblem.apple.com.
Personvern
Les korleis appen handsamar data i personvernerklæringa.