~ $
om-meg.txt
// Lagar appar, verktøy og nettsider
Frå Vinje i Telemark. Held til i Oslo. Andre året på frontend-utvikling, og har alt to appar ute: Glimt i open beta på iOS, Paneless for macOS.
Eg trur kvart prosjekt fortener sitt eige uttrykk.
Ikkje ein ferdig mal med logoen din limt oppå.
Det eg bryr meg mest om:
- At det kjennest rett, ikkje berre ser rett ut
- At det er bygd skikkeleg, ikkje berre raskt
- At nokon faktisk vil bruke det
// Åtvaring: Kan miste nattesøvn over 1px forskyvingar.
Utvalde prosjekt
-
Glimt
iOS · Android
Roleg, privat alternativ til Snapchat. Ende-til-ende-kryptert, eige kameralag, ingen algoritme. Open beta på iOS.
-
Kollega & Venn
Nettside · Marknadsføringsbyrå
Designaren deira teikna, eg bygde.
-
Rettlinja
Nettside · Eksamensprosjekt
Nyhendeside med CMS og brukarinnlogging. Bygd som eksamensprosjekt.
-
Paneless
macOS
Flisleggjande vindaugsbehandlar i Swift. Flyttar andre appar sine vindauge gjennom Accessibility-API-et, animert på skjermen sin eigen refresh. Installerast med brew.
Korleis eg jobbar
-
01
Prat
Finn ut kva du treng og kva som skal til.
-
02
Skisser
Prøver ut retningar i design og layout.
-
03
Bygging
Koder det opp og testar undervegs.
-
04
Ferdig
Leverer og hjelper deg i gang.