Glimt

Eit roleg alternativ til Snapchat. For dei du er glad i.

Du tek eit glimt, det går til dei du har valt, og så får det forsvinne. Ingen feed, ingen algoritme, ingen framande.

Glimt er gratis, og blir verande gratis. Slik skal han halde fram med å vere det.

Kameraet i Glimt-appen: eit bybilete i kveldslys med filmlooken på, klart til å bli sendt

Glimt på tjue sekund

  1. Du tek eit glimt

    Med kameraet i appen. Ingen gamle bilete frå kamerarullen. Eit glimt er noko som skjer no.

  2. Det går til dei du har valt

    Ein ven, eit bål, eller fleire på ein gong, alt i éi sending. Tre sekund på å angre. Har du dårleg nett, held appen fram med å prøve, ei heil veke om det trengst.

  3. Så forsvinn det

    Med mindre du tek vare på det. Glimtet opnar seg éin gong, men ingenting tel ned: det blir ståande til du trykkjer det bort, så du rekk å vise det til den som sit ved sida av deg.

Tryggleik

Trygt for born og unge

Glimt har ingen stad der framande kan møte barnet ditt. Det er ikkje ei innstilling du må finne fram til, det er måten appen er bygd på.

«Det finst ingen måte for ein overgripar å nå eit barn som ikkje alt kjenner han og ikkje har godteke han.»

Frå retningslinjene for barnetryggleik

Éin ting er ikkje ferdig: automatisk sløring av nakenbilete verkar berre på iPhone med iOS 17 eller nyare, og berre når Apple si varsling for sensitivt innhald er slått på. Android kjem seinare.

Bål

Eitt bål, éin gong i veka

Eit bål er ein stad der glimt frå dei same folka samlar seg. Du lagar eitt, gir det eit namn og inviterer dei næraste. Så står det der, same kor fort livet går.

I eit bål med fleire vel de ein dag i veka. Den dagen deler alle eit vekeglimt, eit lite glimt av veka som var.

Kvar veke er det eit tema, det same for alle bål i verda. «Noko som fekk deg til å smile.» «Utsikta di akkurat no.» Du treng ikkje følgje det, og du treng ikkje dele. Bålet brenn vidare uansett.

Skjermbilete frå appen: bålet Familien, med fire teikna profilbilete rundt, kortet med temaet for veka, og knappen for å dele eit glimt ved bålet

Vekeglimtet kan vere fem ting, alle like gode

Éin gong i veka vel du forma sjølv:

  • Film ein liten video
  • Foto eitt bilete
  • Ord nokre setningar
  • Stemme sei det høgt
  • Teikn med fingeren

Dei to siste er der med vilje. Ein sjenert trettenåring, eller ei bestemor som ikkje vil filme seg sjølv, skal kunne vere med utan å vise andletet sitt.

Eit vanleg glimt er alltid kamera. Det svarar du på med ein emoji eller eit kort ord, eller du sveiper opp og sender eit glimt tilbake.

Ingen streaks, ingen toppliste

Du mistar ingenting om du hoppar over ei veke. Ved bålet ser du kven som reagerte med kva, men ingenting blir talt eller rangert.

Det einaste talet som samlar seg opp, er kor mange glimt du og éin ven har delt. Det er teikna som ein isbjørn som endrar seg litt ved 5, 30, 150 og 750, og han høyrer til det eine venskapet, ikkje til ei liste over alle.

Bålet lyser opp dei som sit der no

Er du inne i eit bål med fleire, ser dei andre at du sit der. Går du ut, er du borte. Ingenting blir skrive ned, ingen «var her for fem minutt sidan», ingen grøn prikk. Og du kan ikkje sjå andre utan at dei ser deg.

Tek du vekeglimtet med stemma, blir orda skrivne ned

Ein som høyrer dårleg, eller ingenting, får med seg orda. Den som spelar inn hentar norsk-modellen éin gong, på 55 MB, og etterpå står teksten der når vekeglimtet kjem, forsegla saman med lyden. Du kan rette ei linje før du deler.

Det skjer på sjølve telefonen, med NB-Whisper frå Nasjonalbiblioteket, trena på 22 000 timar norsk. Norsk verkar på både iPhone og Android, engelsk på iPhone. Ingenting blir sendt ut av telefonen for å bli tolka, uansett kva språk du snakkar.

Kamera

Ein ekte filmlook, ikkje eit filter

Mobilkamera har blitt for reine. Glimt har tre filmsimuleringar eg rekna ut frå mine eigne RAW- og JPEG-par frå eit Fujifilm X100VI: Fjord, lys og luftig. Glør, varm og gyllen. Kol, svartkvit. I Innstillingar ligg to til, Mose og Lin, tolka frå Fuji-oppskrifter i staden for målte mot eigne bilete.

Det du ser på skjermen, er nøyaktig det som hamnar i fila. På iPhone og Android, på bilete og på kvar einaste ramme av ein video. Vil du ikkje ha noko av det, slår du heile den analoge looken av og filmar reint.

Same biletet med Fjord-looken
Det same biletet med den analoge looken slått av
Utan look Fjord
Personvern

Ditt, ikkje vårt

Glimta dine, tekstane du skriv på dei og vekeglimta er ende-til-ende-krypterte, forsegla på telefonen din før dei blir sende. X25519 og XSalsa20-Poly1305. Eg kan ikkje opne dei. Éin ting: rapporterer nokon eit glimt, sender telefonen deira ein opna kopi til meg, så eg kan sjå kva som blei meldt. Det er den einaste vegen inn, og han går gjennom eit menneske som seier frå.

Og du mistar dei ikkje

Kryptering pleier å bety at alt er borte om telefonen er borte. Ikkje her. Vel eit passord, så følgjer glimta med til den neste telefonen. Eller gjer ingenting: iCloud-nøkkelringen og Google Block Store ber nøkkelen over for deg.

Får ein ven ny telefon, seier appen frå

Byter nokon telefon, får du beskjed om at nøkkelen deira er ny, så du kan sjekke at det verkeleg er dei. Signal gjer det same. Snapchat og BeReal gjer det ikkje.

Tek du vare på eit glimt, blir det ditt

Det finst ingen Glimt-sky. Glimtet hamnar i eit «Glimt»-album i bileta på din eigen telefon, og blir sikkerheitskopiert der du alt har resten av bileta dine, ikkje hjå meg.

Var det nokon andre som sende det, får dei vite at du tok vare på det, akkurat som med eit skjermbilete. Ditt eige kan du lagre i fred.

Inga sporing, ingen reklame, i Europa

Ikkje eit einaste analyse- eller reklameverktøy i prosjektet. Ikkje avslått, ikkje der. Alt ligg i Europa: databasen i Norden hjå Supabase, bileta hjå Cloudflare i EU. Bygd i Noreg.

Reaksjonar og dei korte ordsvara ligg som vanleg tekst, resten er forsegla. Det står òg i personvernerklæringa.

Pål Omland Eilevstjønn, som lagar Glimt
Kven står bak

Ein lydtekniker som byta fag

Eg heiter Pål. Eg har jobba med musikk og lyd, med å få ting til å kjennast rett i øyret, og no gjer eg det same med teknologi. Eg går andre året på frontend-utvikling, er frå Vinje i Telemark og bur i Oslo. Glimt er ikkje eit selskap. Det er meg, ein kveld om gongen.

Eg starta fordi eg blei lei. Feeden min var fullare av annonsar og folk eg ikkje kjenner enn av vener og familie eg faktisk bryr meg om. Vi har aldri vore meir «kopla saman», og likevel meir åleine. Det er ikkje sosiale medium lenger. Det er noko anna som har lånt namnet.

Det som følgde med over var ikkje auget, men vanen: å kalibrere mot noko ekte i staden for å stole på kjensla i augeblinken. Difor er kameraet her ikkje eit påklistra filter, men filmsimuleringar eg har rekna ut frå verkelege bilete, ei kalibrering om gongen. Same jobben som å mikse ein låt: du legg ikkje merke til kva som er gjort, du merkar bare at det kjennest rett.

Det er òg grunnen til at eg tør å love at ingen kjøper deg her: det finst ingen andre å svare til. Appen er på nynorsk og engelsk, og følgjer språket på telefonen din. Er telefonen sett til noko anna, får du engelsk.

Lurer du på noko, eller vil du seie frå om noko som ikkje verkar, så skriv til paal@dynni.no. Eg les alt sjølv. Meir om meg.

Pris

Kva det kostar

Glimt er gratis. Kameraet, filmsimuleringane, sendinga, bålet, vekeglimtet, krypteringa og det å ta vare på eit glimt du er glad i. Alt saman, for alle. Og slik blir det verande.

Glimt+ blei aldri noko. Det var meint som eit lite betalt ekstra, men det einaste som skulle liggje der, var å ta vare på eit glimt nokon sende deg. Det var ikkje verdt å låse. Så det ligg ope for alle, og du treng ikkje gjere noko for det.

Skal Glimt ein gong tene pengar, blir det på at nokon betaler for appen, ikkje på at nokon betaler for deg.

Bålvakt

Nokon må halde liv i bålet

Glimt kostar pengar å drive. Serverar, avgifter til Apple og Google, eit domene. Ingen annonsør skal betale for det, og ingen skal betale med seg sjølv. Så det blir meg, og dei som vil hjelpe.

Ein dag kan det bli ein Bålvakt: ein som passar bålet, så det ikkje sloknar. Ingenting av det er bygd, det finst ingen pris og ingen dato, og eg lovar ikkje at det kjem. Om det kjem, kjem det som eit tilbod om å hjelpe, aldri som ein port framfor noko.

Eg tek ikkje noko frå nokon for å lage plass til det. Alt som gjer Glimt til Glimt er gratis, og blir verande gratis, sjølv om ingen skulle bli bålvakt.

Bålvakt finst ikkje enno, og du kan ikkje kjøpe noko i dag. Det står her fordi du bør vite kva planen er før du legg livet ditt i ein app.

Ofte spurt

Kven kan sjå glimta til barnet mitt?

Berre dei barnet sjølv har sagt ja til: vener det har godteke, og dei som sit ved eit bål barnet har takka ja til å bli med i. Ingen andre, ikkje eg heller.

Kan framande ta kontakt?

Nei. Ein må vite det nøyaktige brukarnamnet ditt, og du må seie ja, anten til veneførespurnaden eller til invitasjonen inn i eit bål.

Kva skjer med bileta?

Dei fleste forsvinn når dei er sette. Tek nokon vare på eitt, blir det lagra på deira eigen telefon, og den som sende det får beskjed, akkurat som med eit skjermbilete.

Kva alder er Glimt for?

13 år og oppover. Du må oppgi fødselsdato, og er du yngre, blir kontoen aldri laga.

Kva om telefonen blir borte?

Vel du eit passord i appen, kjem glimta tilbake på ein ny telefon. Gjer du ingenting, ber iCloud-nøkkelringen eller Google Block Store nøkkelen over av seg sjølv.

Kva kostar det?

Ingenting. Heile appen er gratis, og blir verande gratis. Det finst ingenting å kjøpe i Glimt, og ingen plan om å låse noko.

Bli med frå starten

iOS-betaen er open no. Er du på Android, eller vil du berre vente litt, så skriv deg på lista.

Bli med i iOS-betaen

Alt i Glimt er gratis, også det som før var tenkt som Glimt+. Eg sender ein e-post når Glimt opnar, og ikkje noko anna. Det lovar eg.