Peiling: personvern
Sist oppdatert: 5. november 2026
Peiling er eit kompass for iPhone som peikar mot kaffi. Appen er laga av Pål Omland Eilevstjønn (DYNNI). Peiling har ingen konto, ingen server, ingen analyse og ingen reklame. Det du gjer i appen (faste stader, smaksbok og notat) blir lagra på telefonen din, og i iCloud-sikkerheitskopien din om du har det slått på. Eg ser det aldri.
Kvar du er
Appen brukar posisjonen din medan han er open, for å rekne ut kva veg nåla skal peike. Sjølve peilinga skjer på telefonen.
For å finne kafear rundt deg sender appen eit omtrentleg område (koordinatar runda av til om lag éin kilometer) til OpenStreetMap sine Overpass-tenarar. Det same omtrentlege området blir sendt til Apple for å finne namnet på byen du er i. Ingen av desse får vite kven du er, og eg lagrar ingenting.
Reklame og sporing
Peiling har inga reklame og sporar deg ikkje.
Kjøp
Spanderer du ein kaffi, går betalinga gjennom App Store. Eg får ikkje vite kven du er, berre at kjøpet finst.
Oppdateringar
Appen hentar oppdateringar frå Expo (EAS Update). Førespurnaden inneheld appversjon og plattform, ikkje noko om deg.
Dine rettar
Etter GDPR har du rett til innsyn, retting og sletting. Sidan eg ikkje har noko data om deg, er det ingenting å hente ut eller slette hos meg: slett appen, så er alt han har lagra borte. Du kan klage til Datatilsynet om du meiner data blir handsama feil.
Kontakt
Spørsmål? Send e-post til paal@dynni.no.